Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

Vossabia MiniDeo Sitrus 15ml

** Ikke på lager

99,-

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk. Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med arrowroot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, potassium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane. Deo SITRUS er herleg frisk og lett, med sitron og sitrongras. Den mest populære duften, ein duft alle liker uansett alder og kjønn. Du kjenner igjen duften frå den deilige Sitrus Kropsskrubben vår.Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med aktivitet). Og så likar jo eg at den er så sunn at det er meir som kosttilskot rett under armane ,) Og heldigvis veldig effektiv også!

Innhald: øko bivoks, øko arrowroot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko eterisk sitronolje, øko eterisk sitrongrasolje, naturleg e-vitamin.

Kommentarer

Share |
Vossabia

Vossabia


Handlaga og økologisk - naturen på huden!

Vossabia har sidan 2004, eller egentlig lenge før det og, jobba med djup og sterk fokus på heilskapleg helse med utgangspunkt i å nytte naturens utrulege univers for å balansere oss. 

Vossabia er oppteken av mat, av næringstoff og av langtidsperspektiv på helse. Mat inntek me gjennom munnen, men me meiner det bør inntas mat gjennom huden også! Det går trass alt inn i same systemet, og påverkar oss, det som me får på hud og hår også. Så for Vossabia er logikken grei: smør deg inn med sunne saker som urter og bienes råstoff, så balanserer me både hud, kropp og sinn :)

 

Kos deg med våre nye nettsider, og så håpar me du finn nokon deilige smørbare saker, litt frukost, lunsj og middag for huden din :) Effektive, pleiande produkt, som sjølvsagt er naturlege og økologiske, laga av nøye utvalde urter, ville vekstar og bivoks og honning.

Kunder kjøpte også